FORENINGSPORTAL Foreninger i Bremanger
Torsdag 18 September
kl. 17:00 - 18:00
Bremanger folkebibliotek, Svelgen
Arr: Bremanger Folkeakademi

Det kan skje på di vakt - foredrag med Fredrik Johan Helland

Me lever i eit samfunn i endring, og me kan ikkje rekne tryggleiken og fridomen vår som sjølvsagt.

Foredrag på Bremanger folkebibliotek, Svelgen.

Torsdag 18. september klokka 17:00.

Kaffi, noko attåt og eit interessant foredrag - alle er velkomne til å ta turen innom.

Gratis.

Og fortvil ikkje - det sluttar før folkemøtet klokka 18:00 i samfunnshuset, så det er mogleg å få med seg foredrag og folkemøte same dag.


Fredrik Johan Helland var i fyrstegongstenesta i 1. gardekompani i Hans Majestet Kongens Garde i åra 2010–2011. Der opplevde han korleis garden løyste oppdraget sitt 22. juli 2011 – den største prøva deira sidan den andre verdskrigen – og kjende på kroppen kor viktig leiarskap og øving er før krisa er der.

Nokre månadar før var gardistane gjennom ein periode der haldninga «det skjer ingenting på mi vakt» fekk rom til å gro. Fleire opplevde tenesta som meiningslaus. 22. juli var det desse gardistane som var på vakt. Og dei måtte vise at dei var klare til å gjera oppdraget dei var sette til.

Helland arbeide fram til sumaren som journalist og radioprogramleiar i NRK Vestland, og jobbar no i Luftforsvarets 330 skvadron og redningshelikoptera ved Florø lufthamn. Helland blei i 2013 tildelt Gardemedaljen i bronse, mellom anna for innsatsen 22. juli.

Tor 18.09.2025
17:00 - 18:00
Bremanger folkebibliotek, Svelgen
Bremanger Folkeakademi
Del på

Kontakt

Sosiale media

2025 © Bremanger Foreningsportal